Bilpleiesenteret Voss vart etablert i 2008 og er nok eit resultat av at bilbransjen på Voss går i takt. Men ingenting slår manuell bilvask når det gjeld å vera skånsam og nøyaktig. Du kan gjera det sjølv, og du kan få råd og rettleiing frå oss. Men vil du bruka fritida di på andre ting kontaktar du oss. Polering
Moderne billakk er god, men den blir også utsett for ekstreme påkjenningar. Skikkeleg
polering må til for å bevara lakken. Og på eldre bilar er det nesten som å få ein ny bil, viss poleringa er gjort av fagfolk. Innvendig vask
Ein rein kupé er triveleg for både sjåfør og passasjerar. Og ikkje minst er det viktig den dagen du skal selja bilen. Synes du vask og støvsuging er kjedeleg arbeid? Er du usikker på kva vaskemiddel og polering du skal bruka? Overlat dette til oss! Lakkbehandling
Bilen kan sjølvsagt beskyttast med regelmessig vask og polering, men på lang sikt er ikkje dette nok. Slike overflatebehandlingar klarer ikkje å fjerna dei nedbrytande stoffa som har trengt seg ned i porene i lakken.
Å fjerna desse krev ein mykje meir avansert metode. Det finnes fleire leverandører av produkt til denne type behandling. Me har god erfaring med Drop Off - Keramisk Lakkbeskyttelse. Fleire kundar oppdager no kor lettvint det vert med vask og vedlikehald etter denne behandlinga. Bilforhandlarane på Voss er gode kundar: Dei ynskjer sine kundar den beste bilopplevinga, og Drop Off lakkonservering er ei god investering. Kunden sparer ofte pengar på å få dette gjort når bilen er ny! Antirustbehandling med Dinitrol
Alle nye bilar vert beskytta i ein eller annan form med antirustbehandling. At stål og jern rustar er noko me alle veit. Metallet må beskyttast mest mogeleg mot ytre påverknader, noko fabrikantane prøver å gjera på best mogeleg måte. Dette er i mange høve ikkje nok så lenge produsentane ikkje tek spesielle hensyn til klima og lokale variasjonar. Noreg er kanskje eit av dei landa i verda der problemet med rust på bilar er størst! Nye bilar rustar meir enn nokon gong, og antirustbehandling på nye og brukte bilar er absolutt eit nødvendig tiltak for å hindra at bilane rustar vekk. Støydemping
Har du hørt det? Dinitrol - økt kjøreglede, levetid og salgsverdi. Enten du kjører kort eller langt, så er veistøy en del av opplevelsen. Sånn at du kan fokusere på den fine musikkopplevelsen, eller den gode samtalen. Dinitrol støydemping reduserer veistøyen med opptil 4 db. Hver 3. db tilsvaren en halvering av støyen. Det finst fleire måtar å beskytte bilen på. Meir info: www.dinitrol.no
Luktfjerning
Bilpleiesenteret Voss har no gått til innkjøp av ein oksygen-osilator som drep alle bakteriar som forårsakar vond lukt i bilen. Dette er den mest effektive formen for luktfjerning i bil, saman med tradisjonell rensing av interiøret.