13/04/2026
💦 XSplash i Voldabadet fredag 17. april, kl.17.00💦
XSplash er X2‑festivalen sin opne dødsstup-konkurranse, der alle kan delta – uansett nivå. Konkurransen er delt inn i tre rundar: Publikum Pleaser, ein freestyle/fri runde og Classic Døds, som gir rom for både kreativitet og rå commitment.
Det er klassar for menn, kvinner og junior (under 18 år), og hopp kan takast frå den høgda kvar deltakar sjølv kjenner seg komfortabel med. XSplash handlar ikkje om å hoppe høgast, men om stil, attitude, kontroll – og sjølvsagt sjølve splæsjen.
Forvent dristige triks, store augeblikk og eit publikum som lever for kaoset. Med premiar til topp-plasseringane og ein elektrisk stemning er XSplash alltid eitt av dei mest underhaldande og energifylte arrangementa under X2‑festivalen.
Det er ikke for sent å melde seg på🔥 Påmelding finner du på x2festivalen.no!