31/05/2024
Ein solid og knakande god arbeidskar har sin siste arbeidsdag i dag! Arnfinn Klungtveit har vore med heilt frå start og med sine 46 år i selskapet er han den som har stått lengst på lønningslista, saman med bror sin Svein. Me seier TUSEN TAKK for trufast teneste, stort engasjement, imponerande kunnskap og sist men ikkje minst: takk for alle sprell, lått og løye! Nyt tida utan vekkarklokka og fyll livet med barnebarn, motorsykkel og endå fleire fotballkampar! ⚽️ YNWA ❤️