Naustdal Mållag

Naustdal Mållag Denne gruppa er for alle som er glade i dialekten vår og nynorsk som eit naturleg, skriftleg uttrykk

Denne gruppa er for alle som er glade i dialekten vår og nynorsk som eit naturleg, skriftleg uttrykk. Vi vil styrkje interessa for ord og seiemåtar i målet vårt, og vakte på tradisjonane som vi kjenner som våre.

- Du treng ikkje vere medlem i mållaget for å vere med i denne gruppa, men melder du deg inn, blir vi glade! Du kan bli medlem i Naustdal Mållag med mobiltelefonen din ved å sende melding

til Noregs Mållag - sjå her: http://www.nm.no/innmelding.cfm eller ved å kontakte oss på e-post: [email protected]

Kjekt å treffe folk på Nynorskdagen! I dag stod Leiv og Arne frå mållaget på Coopen i Naustdal.  Den 12. mai 1885 vedtok...
12/05/2026

Kjekt å treffe folk på Nynorskdagen! I dag stod Leiv og Arne frå mållaget på Coopen i Naustdal. Den 12. mai 1885 vedtok Stortinget likestilling mellom bokmål og nynorsk, så dette måtte markerast!

Mållaget står på Coop Ekstra i Naustdal, tysdag 12. mai! Kom og slå av ein prat!
11/05/2026

Mållaget står på Coop Ekstra i Naustdal, tysdag 12. mai! Kom og slå av ein prat!

10/05/2026

Vi minner om dagsturen til pensjonistlaget!
Påmelding innan 15. mai til pensjonistlaget v/Sigrid, tlf. 481 57 432, eller Egil, tlf. 917 04 372.
Bussturen startar måndag 8. juni 2026.
Frå Naustdal kl. 09.00 til Stryn, der det blir ein kort stopp. Vidare til Hornindal, der det blir kaffipause, og høve til å besøke Anders Svor kunstmuseum. Så gjennom Norangsdalen til Leknes, med ferje til Sæbø. Neste stopp blir Ørsta med middag på Havila Hotell.
Ferje frå Volda til Folkestad, gjennom Stigedalen til Eid, ferje Lote-Anda, til Sandane og gjennom Hyen og heim. Det blir kan hende lagt til eit stopp ved Myklebustskipet på Nordfjordeid, eller kanskje Holvikejekta på Sandane.
Prisen for busstur og 3-rettars middag blir ca. kr 1200,- pr. person.
Medlemer i mållaget er velkomne!

05/05/2026
01/05/2026

«Lat no andre om Storleiken kivast,
lat deim bragla med Rikdom og Høgd!
Millom Kaksar eg litet kann trivast,
millom Jamningar helst er eg nøgd.»

Me ynskjer alle ein god 1. mai!

Landsmøtet i Noregs Mållag sender direkte! Vår utsending Erlend H. Herstad frå Naustdal har nett halde eit tydeleg innle...
25/04/2026

Landsmøtet i Noregs Mållag sender direkte! Vår utsending Erlend H. Herstad frå Naustdal har nett halde eit tydeleg innlegg. Her kan du strøyme sendinga:

Landsmøte i Noregs Mållag 2026, dag 2

14/04/2026

Teater Vestland er meir enn eit teater – det er ein møteplass, ein formidlar av forteljingar, og ein viktig aktør for scenekunst på nynorsk.

12/04/2026

Noko unikt er i kjømda i Nynorskhuset🔥💥✨ NRK, Firda og Teater Vestland har gått saman om å laga ein språkdag litt utanom det vanlege.

Vi legg lag på lag og skrur spenninga til.

Programmet er delt inn i 3 bolkar. Nokre av dei mest markante stemmene i landet held ein serie korte innlegg, og innimellom møtest utvalde gjester i sofaen til Finn Tokvam for å snakke vidare om det vi har fått høyre. Timeplanen finn du i kommentaren under.

God påske til alle som ser innom her!
04/04/2026

God påske til alle som ser innom her!

18/03/2026

Nettsida Visit Norway er ei storsatsing som gjer det enklare å reise i Noreg. Mållaget meiner at Visit Norway bør veksle mellom nynorsk og bokmål. No er det på tide at Nærings- og fiskeridepartementet tek språkleg ansvar og gjev Innovasjon Noreg og Visit Norway eit skikkeleg nynorskoppdrag.

Les meir via lenkja i kommentarfeltet👇

09/03/2026

Adresse

Naustdal
6817

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naustdal Mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Naustdal Mållag:

Del