01/12/2025
Det kan løne seg å "gamble" – iallfall når det gjeld karriereskifte!
I dag er det nøyaktig fem år sidan eg gjekk ut dørene hos Lotteri- og stiftelsestilsynet for siste gong. Bak meg la eg 10 år som kommunikasjonsdirektør og ein trygg, fast jobb. Kvifor? Fordi tanken på å sitje der til pensjonsalder stal energien frå ei eventyrlysten og utviklingsorientert dame som meg. (Det byrjar alltid å krible etter nokre år i same stilling).
Det var vemodig, men sikkert sunt for fleire enn meg. Ingen er uerstattelege og vi skiltes som gode vener. Nokre av dei har eg heldigvis god kontakt med enno, m.a. mine tidlegare sjefar, Atle og Gunn Merete. Det er også fint å møte dei eg var sjef for og oppleve smil og latter. Så takk for det!
Eg ville ha fridom. Eg ville jobbe med heile spekteret – frå innsikt og strategi til den taktiske gjennomføringa. Og eg ville bidra til verdiskaping lokalt.
Slik blei Ymsir AS til. Angrar eg? Ikkje eitt sekund.
Men kva har eg eigentleg lært på desse fem åra? Her er mine viktigaste erfaringar:
✅ Lag ein plan (SWOT): Eg starta med å analysere meg sjølv. Kva er eg god på / ikkje god på? Kva er moglegheitene og truslane? Det gjorde det enkelt å lage ein forretningsplan og ein strategi. Eg visste kven eg ville jobbe med – og kven eg ikkje ville jobbe med (takk, men nei takk til den ulovlege pengespelbransjen!).
✅ Du er ikkje åleine: Risikoen for å bli einsam var reell. Løysinga blei kontorfellesskapet Peak Sunnfjord. Her har eg gode kollegaer, latter i lunsjen og fagleg påfyll. Eg prøver å gje meir enn eg tek - med eit smil.
✅ Økonomisk kontroll: Eg rekna på kva eg måtte ha inn for å dekke alt frå husleige til pensjon. Eg fører mitt eige rekneskap i Fiken (med litt krisehjelp frå min styreleiar/mann når det knip), og det gir meg full oversikt.
✅ Fornying er overlevelse: Alternativet til å lære nytt er å forvitre. Difor sertifiserte eg meg som Miljøfyrtårnkonsulent for å kunne hjelpe bedrifter med ESG og berekraft. No utforskar eg også korleis vi kan bruke KI effektivt.
✅ Det er lov å feile: Eg har kasta bort pengar på teknisk utstyr til ein podcast og nettkurs som aldri blei noko av (eg har ein svakheit for teknologi og smart programvare 😅). Men det prøver eg å dvele lite ved.
✅ Små ting gir stor glede: Det er like kjekt å køyre til Florø og Hyllestad for å møte fine og spennande folk, som å fly til Cape Town og Philadelphia for å møte pengespelregulatorar frå resten av verda. På ekte!
Tusen takk til kundar, samarbeidspartnarar og gjengen på Peak Sunnfjord for fem fantastiske år. Eg veit ikkje om eg eller selskapet mitt overlever i fem nye år, men eg gler eg meg uansett til fortsettelsen!
PS. Om du er nysgjerrig på detaljane, så har eg rapportert og delt på nettsida mi kvart år. Sjå ymsir.no.