04/05/2026
Årdal har fått status som omstillingskommune, noko som gir nye moglegheiter for Årdal kommune til å styrke det lokale næringslivet og å skape framtidsretta arbeidsplassar.
Kommunen skal i saman med lokale verksemder, kompetansemiljø og innbyggjarane som viktige drivkrefter, leggje til rette for vekst, nyskaping og omstilling.
Gjennom tett samarbeid mellom næringsliv, kommune og lokalsamfunn ynskjer me å vidareutvikle Årdal som ein attraktiv stad å etablera, bu og arbeida – med lokal kraft i sentrum.
For meir detaljar om kva dette inneber og korleis det gagnar Årdal og samfunnet vårt, kan du lese artikkelen som er lenkja i kommentarfeltet.
På biletet ser du nokre av medlemane i arbeidsgruppa for omstillingssøknaden: Harald Husabø, Are Indrelid, Mette Hestetun Berg, Christian Sønstlien, Geir Hansen.
Foto: Sofie Moen.
Årdal kommune